Tomas Albert i 100

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Sep 2012

Ein kan aldri vite, men det har liksom lege i korta; at Tomas Albert kom til å greie den magiske grensa – 100 år!

   

Det gjorde han, og vi i Velledalen IL sluttar oss til dei mange gratulantane. Mykje har han opplevd og mangt har endra seg radikalt desse hundre åra. Vi skal ikkje saumfare dette på VIL-nett, men kort nemne nokre av Tomas sine sportslege sprell.

   

Han sat i fyrste fotballstyret i VRF etter samanslåinga av IL Ringen og Velledalen IL sine fotballgrupper. Den samanslåinga fann stad i 1952, då Tomas var reine ungdomen, berre kring 40 år gamal. Betydeleg seinare var han ein trugen deltakar under «Humoren sin kveld», som VRF arrangerte sju utgåver av på 1990-talet. Forteljarkunst har alltid vore av Tomas sine «greier», på same måten som han på imponerande vis har halde greie på ulike slekter i notid og fortid.

   

Velledalen IL er stolte av deg, Tomas! Stolte fordi du i ditt 92-leveår debuterte i Konradløpet. Du er den eldste deltakaren vi nokon gong har hatt, og den einaste over 90 år. 4,5 kilometer klokka fem om morgonen var truleg ikkje noko som «lesste» deg synderleg - 44 minutt brukte du på turen, og Konrad Brunstad hadde sagt «Åh du syn» frå sin post i himmelen om han kunne sjå deg denne morgonen.

   

I 2011 mangla Tomas 14 dagar på 99 år då han saman med 100-åringen Harald Hjorthol tok dei to siste etappane i Ramstaddalsløpet. Lett og fin i steget veksla 99-åringen på «Meieribrua» etter ein etappe som starta ved bedehuset.

   

For nokre år sidan traff eg ein seksåring som heitte Anders Kvålsgard. Ein sliten, liten gut frå Fossum i Bærum som gjekk med skinne på eine foten. Skinne fordi han var født med cerebral parese. På veg opp mot toppen av Mefjellet (1100 meter over havet) i Norddal kommune. Saman med mora hadde han starta frå Hauge, ca 400 meter over havet, og hadde kring 200 høgdemeter att då eg traff han. Den slitne hardhausen vart sjølvsagt fotografert.

  Under premieutdelinga i Valldal sentrum såg eg han igjen. Han skein opp då han såg meg. Kom nokre meter nærare med eit stort, stort smil. Orda han sa var ikkje mange. Men dei var viktig:

  -Jeg klarte det!

   

Seksåringen hadde viljestyrke. Det same har Tomas Albert Tandstad hatt ein god porsjon av med seg gjennom livet. Og konklusjonen vart den same som for Anders:


Du greidde det, Tomas – greidde å bli 100!


Hjarteleg til lukke!

   

Atle Hole