Birkebeinerløpet blir brødreduell
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Sep 2012
arkivfoto
Laurdag 15. september vert Birkebeinerløpet arrangert. Velledalen IL vert representert med Jens Christian Hole i klasse 25-29 år og Eldar Kurseth i klasse 40-44.
Kurseth er trippel-deltakar. Det vil seie at han gjekk Birkebeinnerrennet i mars, han sykla Birkebeinerrittet i august og han spring altså Birkebeinerløpet 15. september.
Så vidt vi veit har ingen som representerer Velledalen IL greidd merkekravet i alle disiplar same år. Kven vert den fyrste…?
Kenneth Fet var inntil nyleg den sterkaste kandidaten, men har trappa ned. Kjell Magnar Berli satsar no seriøst på skidelen som er hans svakaste grein. Han kan vere mannen som greier det, eller
det kan utmerka godt bli Eldar Kurseth. Toget er gått for 2012 då han var nokre små minutt for sein i skirennet, men han har kapasitet til å greie merkekrava i alle tre disiplinane i 2013.
Kva er så vitsen med det…., vil sikkert nokon spørje ?
Svaret er kort og greitt. Det er ei stadfesting på at utøvaren er allsidig og samstundes sit inne med god sportsleg kvalitet i høve til alderen. Altså eit allsidig kvalitetsstempel
Men
truleg er det brødreduellen som fengjer aller mest komande laurdag. Roger Malvin vs Jens Christian. Rutinerte Roger som gjer sitt niande Birkebeinerløp, denne gong i klasse 45-49 år, mot Jens Christian i sitt andre. Begge startar i pulje 5, Jens Christian med startnummer 5075 på brystet, Roger med startnummer 5076. Starten går klokka 10.50 laurdag – ha dei i tankane. Vi held ein knapp på Roger Malvin sidan han greidde merkekravet i 2011, men vi er programforplikta til å heie på Jens. Han representerer trass alt Velledalen IL, Roger er Gjelleråsen IF sin mann.
Vi nemner òg at Torstein Hole, Emblem IL, stiller i klasse 55-59 år. Han startar klokka 10.20, i pulje to. Han har fem merke på fem startar i løpet. Komande laurdag kan det vere seks av seks.
Vi ynskjer alle lukke til!
PS. Tips oss (
atlehole@online.no
) om du veit om andre deltakarar med lokale band.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024