Jarle Helge Lade 60 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Sep 2012
Ein skulle ikkje tru det, men det «stend i aviså». Jarle Helge Lade fyller 60 år i dag. Mannen som tilsynelatande trivst best nær Sykkylvsvegen. I alle fall har han hatt bustad der mesteparten av livet. Fyrst i husnummer godt over 2000, før han seinare fann seg hustru i Sykkylvsvegen 1757.
Jarle kom frå ein skiglad familie. Broren Jan var fjellmann og har også vore leiar i VIL, Åge og Magne sysla med langrenn, medan hoppsporten vart Jarle sin idrett. La var ein lageleg stad og vekse opp på 60-talet for ein gut som likte hoppsport. Vi treng ikkje utdjupe dette nærare, men legg ved Jarle sitt idrettsminne, der han skriv om skisport i nærmiljøet i barndommen.
Gratulerer Jarle, og god lesnad!
Idrettsmiljøet på La i 1960-åra
Denne erindringa handlar om barndomen min, og den står difor i fare for ikkje å vere rett på alle punkt, men likevel er det slik som eg hugsar det og opplevde det.
Det var alltid snø om vinteren. Mykje snø. Eg kan nesten ikkje hugse at vi ikkje kunne gå på ski fordi det var for lite snø. Vi kunne ikkje gå over vegen utan å hogge spor i dei høge vegabardane med beksaumarane for å klatre opp og ned. Og ute på ski var vi dagstøtt. Perioden når Velledalen Idrettslag kom inn i biletet var i starten og midten av 1960-talet.
Vi som budde på La var svært heldige, fordi drivande krefter fekk laga til lysløyper til ymse føremål i Holemarka. Dette gjaldt både langrenn, slalåm og hopp. Langrennsløypa gjekk innover myrane innanfor huset til Bø-Rolf, og var stort sett hengt opp i busker og tre. Nokre stolpar vart sett opp der det var naudsynt. Lyskastarane hang og dingla etter leidninga, og når eg såg dette frå stoveglaset heime, såg det ut som om lyset slokna og kom på att heile tida.
Det var særleg to av brørne mine, Aage og Magne, som var ivrige i langrenn. Siste skrik innanfor langrenn var ski laga av balsam, med fine signaturar av Hallgeir Brenden og andre store namn. Men det var skjøre greier. Skiene knakk for eit godt ord, og slike tropiske treslag utan feste for ein smekker treskru var det ikkje så godt for Hauknut-Arne å reparere på snikkarverkstaden. Då måtte ein berre kjøpe nye.
Slalåm.
Bakken låg om lag rett ovanfor huset til Bø-Harald. Denne bakken var også lyssett. Dei elektriske koblingane var det tusenkunstnaren Ola-Konrad som stod for, og om det vart so mykje inntekter for Sykkylven Kommunale Kraftverk i straumleige har eg mine tvil om. Vi plugga dei avisolerte leidningane inn i ei koplingskasse, og etter litt gnistring og spraking så bada bakken i flomlys. Slalåm var ikkje ein utbreidd sport på La. Dette var den tida då langrennski hadde ei stripe under, slalåmski hadde to, og hoppski hadde tre. Vi hadde høyrt rykte om at det fanst folk nede på Fet som rann slalåm, og då surra dei fast bindingane med lange le-reimar og rende ned att frå Myrdalsfjellet.
Hopp.
Hoppbakken var min arena. Det fanst hoppbakkar av ymse storleikar over alt, og det kosta oss ingen ting å trakke opp ein ny bakke i laussnøen for å prøve den. Dei to mest brukte vart Bø-bakken og seinare den litt større bakken i La-brauta. Bø-bakken var bygd opp med eit langt hopp av tre. Dette var ganske flatt fram til avsatsen, slik at her miste ein mykje av farta. Fyrste gongen eg skulle prøve meg i bakken tok eg altfor lite fart, slik at eg kom sakte heilt fram på hoppkanten, bikka over og datt ned og slo meg naseblod. Seinare tok vi som oftast så mykje fart som vi berre kunne få gjennom småskogen i tilløpet. Dei lokale hoppheltane var Bø-Rolf og Bø-Helge, som var klare einarar i hoppbakken. Begge hadde same type hoppski med ein grov klang i treverket når dei planta nedslaget. Oppå var dei glinsande svartlakkerte, med eit gult plastbelegg på undersida. Det var noko anna enn kvistlakken som vi brukte.
Eg hugsar berre eitt hopprenn i Bø-bakken, og då fekk eg andre- eller tredjepremie. At eg kom så høgt opp på premielista var sannsynlegvis fordi Helge Drabløs øydela skia si før rennet, og soleis ikkje kunne delta. Eg trur at dette måtte vere eit bygdarenn.
Renn heime og ute.
Når det galdt langrenn var det jamt med renn gjennom vintrane. Då rydda snikkarane på Lade Møbel ekstra godt fredagskvelden slik at lokala vart gjort om til smørjebod i helga. Då surra det i rare dialekter og dufta av hemmelige skismurningar i lokalet, godt blanda med sponlukt og eimen frå limtynna under høvlebenken. Det var særleg ein mann med det merkelege namnet Rochmann som eg la merke til. Han var svært ivrig med å hjelpe sønene sine, og dei gjorde det alltid godt i sporet. Løypa gjekk som regel ei sløyfe inn gjennom Holemarka, med start og mål omtrent på trappa til Bø-Harald. Buljonglukta låg tett over området, og den salte drikken varma to gongar, først frosne fingrar gjennom tynne plastkoppar, og så den leskande smaken ned gjennom strupa. Dette var trivlege sundagar.
Vi var også rundt omkring i distriktet på renn. Då var det alltid ein vaksen som stilte opp med bil og køyrde oss. Skistativ var ikkje så vanleg på bilane, og då låg ein bunt med samansurra ski på skrå ut av den halvopne bagasjeromsluka. Den mest spanande turen utanbygds gjekk fyrst med bil til Stranda, og vidare til Stordalen med ein liten motorbåt. Dette var ikkje akkurat dagleg kost for frammabrautingar. Nærkontakt med saltvatn og oljelukt pirra magen på oss som ikkje er særleg sjøsterke. Det var Øye-Olav som hadde ordna transporten og var reiseleiar. Når vi kom på kaia i Stordalen hadde vi naturlegvis ikkje bil, og måtte bere hoppskiene fram etter riksvegen. Som regel var det både langrenn og hopprenn på same staden til same tid, så det kunne gjerne vere trangt i bilen når alle løparane frå VIL skulle få plass.
Lokal sport.
Når vi kom heim att etter ein slik sundag passa far min alltid på å skru på Sølvsuperen. Klokka kvart over ti sundagskveldane var det lokal sportsending frå Vigra Lokal, og det hende då av og til at Joachim Rønneberg kunne nemne eit namn ifrå Velledalen Idrettslag eller Straumgjerde Skyttarlag. Det var stort.
Når eg ser attende på denne tida, ser eg at det måtte vere nokre svært entusiastiske vaksne personar som hjelpe til og drog i trådane for å få alt til å henge saman. Dei som eg hadde mest kontakt med gjennom renn og bilturar var Øye-Karl, Brua-Karl, Øye-Olav og far min, Hauknut-Arne.
Jarle Lade
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024