Jenteblogg på VIL-nett fram til jul
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Sep 2012
Hallo i nedslagsfeltet
No er det tre veker sidan eg flytta til Bergen for å starte med studiane, årsstudium i psykologi, ved UiB. Det er mykje pensum og dagane inneheld derfor stort sett lesing. Men eg tek meg sjølvsagt tid til litt fotball og trening innimellom!
Populært med LSK-drakt på trening i Bergen!
Etter mange fine år i fotballgruppa til Stranda IL, har eg no meld overgang til IL Sandviken. Eg trena i starten med juniorlaget deira som har kvalifisert seg til 1.div no i haust, og på tysdag fekk eg min debut i Sandvikendrakta.
Motstandar var Fusa som vi slo heile 8-2, og eg scora òg mitt fyste mål for klubben.
Denne veka byrja eg å trene med U-laget (utviklingslaget som spelar i 2.div), som har eit tett samarbeid med toppserielaget til Sandviken. Laurdag reiste vi til Kaupanger, og eg fekk min debut i 2.divisjon. Eg spelte heile kampen som midtstoppar, og det var ein tøff og jamn kamp som vi diverre tapte 1-0 (scoring i mot etter knappe 2min!). Vanskeleg kamp med eit heilt nytt lag og ein høgare divisjon, men svært kjekt og lærerikt!
I morgon har juniorlaget ny kamp mot Bønes.
Utan om fotballen har eg også gått ein del i byfjella. Her er mange fine turløyper, og fleire av dei endar opp på Fløyen – med moglegheiter for å gå vidare oppover.
Mi personlege form på ein skala frå 0-10 er i skrivande stund vurdert til: 6,8
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024