Gratulerer Per Inge Bjørnestad
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Aug 2012
Per Inge Bjørnestad er ein allsidig idrettsmann. Solid fotballspelar i unge år. No syklist og løpar. Siste åra fast mellom dei aller beste sykkylvingane mellom anna i Konradløpet.
I dag gjorde han noko han aldri før har makta. Med tida 3.35.29, løyvde han 3 minutt og 36 sekund til merkekravet som i klasse 40-44 år var 3.39.05. Per Inge var om lag like mykje på rett side av kravet som vår mann (Rolf) var på feil side.
Her er sykkylvsresultat frå Birkebeinerrittet 2012
K 35-39 år: Anne Britt Kurseth 4.53.22 (merkekrav 4.23.24)
M 35-39 år: Per Steinar Linga 3.03.12 (merkekrav 3.43.59)
Stig Ove Auflem 4.20.21
M 40-44 år: Eldar Kurseth 3.05.51 (merkekrav 3.39.05)
Per Inge Bjørnestad 3.35.29
M 55-59 år: Rolf Haxthow 3.56.31 (merkekrav 3.53.27)
Stig Jonny Urke og Roy Even Dyp stod på lista over påmelde, men vi fekk ikkje treff når vi søkte på desse namna i resultatlista.
Vi merkar oss fin debut av Anne Britt Kurseth. Tøft, men tenkjer det gav meirsmak!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024