Flagging på full stong
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Aug 2012
Han er best når det gjeld som mest, Henrik Johan Holmberg. I dag sette tikjemparen ny personleg rekord i høgdebyks under NM. Den lyder på 2.05 meter – godt nok til NM-sølv i sørlandsbyen.
Henrik spelar på eit stort sportsleg register. Tikjemparar må det. Alt frå stavsprang, spydkast og hekk, til 1500 meter. Best har han gjort det på korthekken, sprint og høgdehopp. I tillegg er han fotballspelar. På Vik IL sitt lag i 3.divisjon. Laget ligg høgare på tabellen enn lag frå folkerike nedslagsfelt som Stryn, Eid og Tornado/Måløy.
Dei fleste kjenner truleg Henrik Johan sitt opphav. Morten Holmberg som gjorde «vikjne» av seg i relativt ung alder er faren. Mora heiter Ragnhild Fjærestad, friidrettskvinne på sin hals. Besteforeldra på farssida, John og Reidun, bur i 60-sona på Brøvoll. Aina (tante) og William(onkel) i Hole utmark, på grensa mot Brunstad.
John Holmberg vert rekna å vere Velledalen sin beste flaggar. God både på halv og full stong. Nattflagging er heller ikkje ukjend grein. Sølv i senior-NM er soleklar flagg-grunn, John Holmberg! Få opp flagget, og ver stolt av etterkomaren! Slike som tek ut heile potensialet er gull verdt i ei oppreva og usportsleg verd.
Gratulerer fyrst og fremst til Henrik Johan!
Gratulerer til støtteapparat i Vik i Sogn og Velledalen, og til andre som måtte ha ein finger med i spelet!
Dette var gjevt!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024