Spring Svein frå Høddvoll?
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Aug 2012
Då er eit «stunt» venta av Gyls-Svein. Ja, han er nesten forplikta til det, sidan han prisa kvartfinalesigeren i Haugesund med ein 16,5 kilometer lang springmarsj – i striregn i svarte
natta.
Ein semifinalesiger, som gir cupfinalebillet, må sjølvsagt prisast høgare. Eit løp frå Høddvoll til Straumgjerde rett etter kampslutt ville ikkje vere å forakte. Med to ferjestrekningar ville dette bli meir som «a walk in the park» for herr Nakken. Og kanskje kunne han fått med ein annan svoren Hødd-patriot, Bjørn Seljeset, som hare i starten…?
Om nokon har forslag til sjølvpinsler Svein kan gjennomføre ved Hødd-siger, så meld dette til:
atlehole@online.no
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024