Sykkylvsrittet går sundag 19. august
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Aug 2012
Invitasjon til Sykkylvsrittet 2012
Vi inviterer alle syklistar til Sykkylvsrittet, i Sykkylven, søndag 19. august 2012. I landevegsrittet er det i år innlagt krinsmeisterskap for Møre og Romsdal.
Sykkylvsrittet er todelt. Først vert det arrangert eit temporitt. Seinare samen dagen går landevegsrittet av stabelen.
Temporittet på 15 km går rundt Sykkylvsfjorden.
... Landevegsrittet er 66 km langt. Løypa går frå Ekornes, avd. Vestlandske til Straumgjerde ? Hundeidvik ? Kursetneset ? Straumgjerde - gamlevegen i Velledalen til Hjorthol - inn på hovedvegen igjen og tilbake til Ekornes, avd. Vestlandske.
I år har vi altså innlagt krinsmeisterskap for Møre og Romsdal i landevegsrittet. I KM har vi følgjande klasser; MK 11-12, 13-14, 15-16, junior, 20-29, 30-39, 40-49, 50-59, 60-69. Kl. MK 11-12 og 13-14 sykler ei forkorta løype, rundt Sykkylvsfjorden, på 15 km.
Stad: Start/mål ved Ekornes avd. Vestlandske ? Sykkylven.
Garderober ved Tren, Sykkylven.
Starttid: Temporitt 15 km kl.12.00, og landeveg kl.14.30.
Sykkylven SK nyttar Emit tidtakarsystem og vi ber dei som har elektroniske brikker om å ta med seg desse.
Premiering: Deltakarmedaljar til alle i turrittet, i tillegg uttrekkspremiar på startnummer. KM-medaljar på KM landeveg. (Dersom det er minst tre i klassene) Påmelding innan torsdag 16/8 til Eldar Høidal, Grebstadhagen 43, 6230 Sykkylven. Tlf. 90018419. Epost;
eldar.hoidal@online.no
Startkontingent junior og senior kr 200,- for enkeltritt, kr. 300 for begge. For aldersbestemte klasser kr 50 pr ritt. Etterpåmelding fram til ein time før start, kr 250.- Lisens kjem i tillegg.
Kontonr: 3910.23.59910
Vel møtt!
Med helsing Sykkylven Sykkelklubb
Ved Eldar Høidal, leiar
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024