Tomas Bereket vann Fanaråken Opp

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Aug 2012

Arkivfoto. Her er vinnaren i Mefjellet opp

Godt over 500 nådde toppen av Fanaråken i går, av desse deltok 187 i konkurranseklassa. Mellom desse Nils Terje Skylstad i klasse 55-59 år, ei klasse der 15 utøvarar kom til mål. Løpet samla denne gongen heller få sunnmøringar.

   

Tomas Bereket frå Larvik Turn/Eritrea var raskast til toppen med tida 59.56, som vinnar av klasse 23-34 år. Raskaste dame var Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL, som vinnar i klasse 40-44 år med 1.08.26 – ny løyperekord for kvinner.

   

Nils vart nummer 5 av 15 fullførande i klasse 55-59 år med 1.26.02. Klassevinnar vart sogningen Sverre N. Moe, Syril IL, på 1.18.54. Den private tevlinga med A-kjendis Arne Johannessen, Politiets Fellesforbund, gjekk denne gongen i Nils sin favør. Johannessen brukte 1.29.17 på turen laurdag, og var med andre ord tre minutt og 15 sekund bak vår mann.

   

Neste helg er det Skåla (start frå Loen) som står for tur