Fanaråken Opp går laurdag
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Aug 2012
Laurdag vert Fanaråken Opp arrangert. 8600 meter langt, med start 898 meter over havet i nærleiken av Turtagrø Hotell og målgang på toppen av Fanaråken (2068 meter over havet). Med andre ord nær 1200 høgdemeter stigning. Vi kan garantere; det bit i knehasane.
Løpet vert rekna som eit kvalitetsløp. Dagen etter går NM i motbakkeløp i Rosendal, og dei blir faktisk utkonkurrert på deltakarsida av Fanaråken Opp. Då VIL-Nett sjekka påmeldingane torsdag 9.august, hadde Fanaråken Opp 322 påmelde, mot 128 for NM-arrangementet.
Fanaråken Opp er i år jubilumsløp. Alle som kjem i mål får spesialdesigna medalje (ti år). Mellom desse er Nils Terje Skylstad, Velledalen IL, som er påmeld i 55-59 år. Hittil 15 påmelde i denne klassa.
Nils Terje Skylstad har sprunge Fanaråken Opp fleire gonger før. Og kjempa drabelege duellar mot A-kjendis Arne Johannessen frå Politiets Fellesforbund. Både Nils og Arne er påmelde dette året òg. Men diverre ikkje i same klasse denne gongen. Nils er yngsteårs deltakar i 55-59 år, medan Arne Johannessen framleis er i klasse 50-54. Men dei skal starte likt og springe same løypa, så duellen er der.
Vi held ein knapp på Nils denne gongen òg. Resultatet kjem på nettsida i løpet av helga.
2009: Arne 1.20.18 – Nils 1.22.35
2010: Nils 1.19.02 – Arne 1.22.15
2011: Berre Arne deltok
2012:
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024