GRATULERER MAGNAR – 85 ÅR 15.JULI!
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jul 2012
Framme frå venstre: Jon C. Brunstad, Oddmund Skylstad, Magnar Fet, Arne Velle og Arnold Weiberg-Aurdal
Det var den gongen han vart spurd om kven som var den største idrettsutøvaren i Velledalen -
i hans tid. Knut-Ole, som var fødd i 1923, vart stille. Han tenkte. Så kom svaret:
-
Ej held enj knapp på nå Magnar ne på Fet. Førdi han va so allsidige. Han sprang gødt, han va go på skijne og han va enj glimrande fotballspelar.
Knut-Ole visste kva han snakka om. Han voks opp i ein heim der idretten stod høgt. Han var sjølv aktiv i skyting, langrenn og springing. Han hadde god hugs, og heldt seg oppdatert gjennom medieoppslag og samtalar med likesinna. Ole var for ein fagmann å rekne på det som hadde med fysisk fostring å gjere.
Som eit prov på det minnest eg særs godt nokre setningar han sa til meg – om doping – alt før dette temaet vart problematisert med full tyngde:
-
Du såg kør det gjekk me han danskjin her om dagen, han so datt steindaude ta sykkelsætet. Han va sikkert peisfulle ta doping.
Uansett Magnar. På 85 års dagen kan du lene deg tilbake. Knut-Ole er diverre ikkje mellom oss lenger, men orda hans veg tungt, og sjå på dei som ei ære. Du er framleis den velledalingen som har hoppa lengst på ski under renn, og du var ein av dei lokale pionerane innan alpinsport. Du spela fotball både for Velledalen IL og Sykkylven IL,
og du var ein frykta stafettløpar.
Men kanskje viktigast av alt. Du gjorde ein stor innsats med tilrettelegging for dei som kom etter deg. Både i alpingruppa til Velledalen IL, men også utanfor. Dette vert mellom anna dokumentert i eit av idrettsminna som son din, Ole Jostein, har skrive.
Vi knyter det med på denne helsinga frå idrettsvener i Velledalen. GRATULERER!
Atle Hole
Glimt frå alpinistane sin gullalder
Det var like etter krigen interessa for alpint vart vekt i Velledalen. Og av ein eller annan grunn var det tre gutar heilt nedst i dalen som tok til å konkurrere i denne disiplinen. Aller først ute var Olav Fet, Jørn-Olav. Han byrja å konkurrere rundt 1947-48. I 1949 byrja nabogutane Sigurd Fet (Nybø-Sigurd) og Magnar Fet å konkurrere i alpint. Tidlegare var dei aktive hopparar, men då Olav byrja å konkurrere i alpint, vart
interessa for ”den nye” idrettsgreina også vekt hjå dei to andre.
Etter kvart la dei hoppskiene på hylla og byrja å delta i slalåmrenna kringom i fylket.
Av velledalingane var det berre dei tre Fitjagutane som konkurrerte i alpint på denne tida. Dei deltok i renn både på Åndalsnes, Stranda, Sula, Fjellseter og Standalseidet, i Norddal, Volda og Ørsta. På Sula var det Rollon som arrangerte renna, medan Ålesund skiforening stod for dei tradisjonelle vårrenna på Standalseidet. Sykkylven IL arrangerte Fjellseterrennet. Magnar kan hugse han vann B-klassa både på Åndalsnes og på Fjellseter. Olav starta i A-klassa og oppnådde mange gode resultat i denne klassa, som samla dei best rangerte løparane. Mellom anna vann han eit utforrenn på Molde. Sigurd starta i C-klassa. Alle dei tre nabogutane var fødde i 1927.
Trening
Slalåmtreningane på slutten av 40-talet og byrjinga av 50-talet foregjekk
ulike stader. Det byrja heime på Fet, der dei tre gutane trena både ”Framma bakkane” og oppe i Geila ovanfor Fitjagarden. Dette var for øvrig to bakkar der også seinare alpinistar frå Fet skulle legge grunnlaget for prestasjonane i ulike alpintkonkurransar. Elles trena dei tre også i storslalåmtraséen frå Sætrefjellet og ned mot Lastølen.
- Vi trakka frå Lastølen og opp på fjellet, og vi byttest om å trakke fyrst. Som regel rakk vi to turar på ein dag. Vi var som regel i lag med Olav L. Hole (som starta opp Hole & Lillebø) og dei andre alpinistane i Sykkylven IL, då vi trena her, fortel Magnar. Det var òg slalåmtreningar på Fitjastølen, hugsar han.
Om våren, då snøen nede i dalen hadde smelta, tok Fitjagutane med seg skiene og gjekk på Fitjakollen for å finne gode treningsforhold – og for å forlenge skisesongen nokre veker.
Lysløype i Geila
Dei tre Fitjagutane var aktive fram til ca. 1954. Då var det etter kvart andre som voks opp og som skulle få interesse for alpint. Som før nemnt, vart Geila på Fet mykje brukt til slalåmtreningar. Løypa gjekk frå Geil-leet og opp på røra av Fremstebakkane. Rett utanfor stova der Jo-brørne Odd-Kåre, Einar, Harald og Nils voks opp.
Rundt 1955 laga Magnar Fet eit lysanlegg som vart brukt til å lyse opp løypa på kveldstid. Han fekk tak i leidningar på Møre Transformatorfabrikk. Monteringsarbeidet gjekk føre seg heime på kjøkkenbordet, der han monterte 7-8 soklar med lyspærer på leidninga. Flomlyset vart hengt opp i grantrea. I nedste enden var det montert krokar på leidningspartane, slik at leidningane kunne hengast opp i strengane ved det gamle Jo-huset. Dermed vart ”alpinttraséen” fullt opplyst.
Dei første åra etter at lysløypa kom på plass var det først og fremst Jo-brørne, samt Nybø-gutane Kåre, Sigbjørn og Svein Fet, som brukte lysløypa på kveldstid. Seinare kom dei yngre Fitja-gutane Karsten, Jan Petter og eg sjølv med.
Lysløype på La
Rundt 1966-67 byrja eg sjølv å konkurrere i alpint, saman med dei to kameratane mine Karsten Fet og Jan Petter Fet, som eg voks opp saman med. På mange måtar gjekk vi i spora til dei tre Fitjagutane som starta opp med alpint om lag 20 år tidlegare.
Far min, Magnar, tok oss med på skirenn kring om på Sunnmøre. Dei første åra var han åleine om å drive alpingruppa i idrettslaget. Kvar einaste helg køyrde han oss på skirenn rundt om i distriktet.
Seinare kom òg Odd Gjersrud og Halstein Ånes med i alpingruppa. Odd kom frå Amerika og gifte seg med Olaug Fet. Han var ein ivrig frikøyrar, og kunne måle seg med olympiameister Stein Eriksen når det galdt stil og eleganse.
Siste halvdel av 60-talet gjekk Odd, Halstein og Magnar i brodden for å lage ei lysløype på La, eller eigentleg på Hole, på skogsteigen til Harald Lødøen. Ein om lag 25 meter brei og 100-150 meter lang trasé vart rydda opp gjennom skogen. Eit nytt, heimelaga flomlys vart laga etter same prinsippet som flomlyset i Geila på Fet, men denne gongen med skjermar som skulle verne lyspærene for vêr og vind. Det vart òg sett opp nokre lysstolpar, men flomlyset vart òg hengt opp i nokre tre. Eit straumskap vart montert, der lysanlegget vart kopla til.
Elles kjøpte idrettslaget inn eit bensindrive skitrekk som vart plassert i den nye traséen.
Lysløypa på La vart kun brukt til treningar på ettermiddags- og kveldstid. Der vart ikkje arrangert skirenn, og i helgane var det den nye alpinttraséen og skitrekket på Fjellseter som vart nytta. Ut på 70-talet vart det bensindrivne skitrekket flytta inn på Fjellseter. Ein gong vart det lånt vekk, men det var ingen som hugsa kven det var som lånte det. Sidan den gongen er det ingen som har sett noko att til skitrekket.
Auka interesse
Interessa for alpint fekk ein oppsving framover 70-talet. Ja, på mange måtar vart dette ein gullalder for alpint i Velledalen IL. Sykkylven Friluftssenter opna i 1969. Etter kvart vart alle alpintaktivitetane lagde hit. Og når skitrekket på Fjellseter fekk montert flomlys, vart det slutt på aktiviteten i lysløypa på La.
Nye aktive løparar kom til. Mellom desse var jamaldringane Øyvind Fet, Geir Ove Brandshaug og Morten Holmberg – og eitt år yngre Sigbjørn Ånes. Med seg hadde dei aktive fedre som var med og støtta opp om skiaktiviteten deira: Magnar Fet, Jon Brandshaug, John Holmberg og Halstein Ånes.
Eit par av gutane, Øyvind Fet og Sigbjørn Ånes, vart mellom dei aller beste alpinistane i Møre og Romsdal i sine klasser. Begge vart både kretsmeistrar og fylkesmeistrar. Dei var òg med og representerte Sunnmøre skikrets i Donald Duck-renna på Kongsberg og i Hovudlandsrennet på Oppdal.
Også syskena Anne, Norman og Jan Gunnar Hole kom med og noterte seg for mange gode resultat på 70-talet. Faren, Olav P. Hole, hadde tidlegare vore aktiv idrettsmann både i hopp og langrenn. Han støtta opp om borna og viste stor interesse for alpinistane. Mang ein gong vitja han Magnar Fet på kveldstid for å snakke om alpint og anna skisport i denne tida.
Nye kostar
Magnar Fet var leiar av alpintgruppa fram til slutten av 70-åra. Ei utklippsbok frå 1978 viser at alpingruppa dette året var samansett av Magnar Fet (leiar), Olav P. Hole, Ole Jostein Fet og John Holmberg.
Einar Fet tok over som leiar i alpintgruppa etter Magnar Fet. Einar fekk med seg Kjell Skogvold. Også Jostein Bonesmo var aktivt med i støtteapparatet . VIL skulle få mange gode løparar framover. Syskena Geir, Ann Kristin og Eivind Fet, samt brørne Kjell Arild og Sindre Skogvold var mellom dei som markerte seg sterkt. Også Bonesmo-karane Ole Jakob, Lars Petter og Jens Arne skulle etter kvart oppnå mange fine resultat i alpintløypene.
Geir Fet starta i 9-årsklassa i 1978. I åra framover skulle han bli mellom dei beste alpinistane i fylket. Han vann Bjønnameisterskapet i Ørsta dette året.
Systra, Ann Kristin, vart den som kapra flest KM titlar for laget etter mange gode sesongar på 80-talet.
Då Sykkylven IL arrangerte storslalåmrenn på Fjellseter 19. februar i 1978, stilte Velledalen IL med ein tropp på 19 løparar. Anne vann 10-årsklassa, medan Geir vart nummer tre i si klasse.
I bygdameisterskapen i slalåm same året, stilte arrangørklubben Velledalen IL med 30 deltakarar. Av desse vart Anne Hole, Eli Fet, Øyvind Fet og Magnar Fet bygdameistrar i sine klasser. I storslalåm var det heile 50 deltakarar frå Velledalen IL, og idrettslaget fekk følgjande bygdameistrar i denne disiplinen: Anne Hole, Linda Tandstad, Sindre Skogvold, Arnljot Lade og Magnar Fet.
Utover 80-talet skulle VIL-alpinistane oppnå mange gode resultat i alpintkonkurransane. På 70- og 80-talet hadde laget fleire som delte på trenaransvaret. Magnar Fet hadde hovudansvaret dei første åra. Saman med Nils Kristian Magerholm hadde han òg fleire kurs og treningar for alpinistane i Ikronnes IL og Hundeidvik IL. Også Einar Fet og eg sjølv var aktive på trenarsida. Særleg la Einar ned eit stort arbeid, både som trenar og som leiar i alpintgruppa på 80-talet.
Skirenn på Standalseidet
Det tradisjonelle vårrennet på Standalseidet var eitt av dei mange slalåmrenna dei tre alpinistane i Velledalen IL deltok i rundt 1950. Også andre alpinistar frå Sykkylven var med på desse renna. Ja, rennet på Standalseidet samla ofte nokre av dei fremste alpintstjernene i landet på den tida.
Alpinistane frå Velledalen IL og Sykkylven IL reiste med ferje/båt og buss for å kome seg til Standalseidet i Ørsta.
Magnar Fet hugsar to gongar dei måtte overnatte i samband med renna.
– Ein gong overnatta vi i Follestaddalen. Eitt år fekk vi overnatte på hytta til Sigurd Myklebust på Myklebustsætra. Det var seint kvelden då vi kom opp på sætra, og vi var heilt gjennomfrosne, fortel han.
Mellom norgestoppane som deltok på Standalseidet denne tida hugsar han mellom andre OL- og VM-deltakarane Borghild Niskin og Pelle Rollum. Borghild Niskin tok 17 NM-titlar og deltok i tre OL i løpet av karrieren sin.
Ole Jostein Fet
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024