Kraftprøver i juli.

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jul 2012

Det tyngste på lista er triathlon og maraton, medan Jordbærdilten i Valldal den 28.juli er slik at alle kan delta. Distansen er 3200 meter, og elles nokså likt Konradløpet med stort felt der habile løparar og gåarar startar samstundes.

   

Her er lista:


14. juli: Trollveggen Triathlon


15. juli: Midsund Triathlon


21. juli: Melen Opp i Fræna – 6500 meter


22. juli: Mefjellet Opp – start Fjørå – 7000 meter


28. juli: Hornindalsvatnet Maraton – distansar frå 4,2 til 42,2 kilometer


28. juli: Jordbærdilten i Valldal – 3200 meter


29. juli Eggenipa Opp i Gloppen – 4650 meter

   

Vi kjem med ei liknande liste for sykkel litt seinare

   

Dette dreier seg om eit lite utval av det som skjer i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Men gå inn på heimesida til Kondis, så finn du oversikt for heile landet. Kanskje finn du eit arrangement du kan delta i nær ditt eige ferieparadis…?

   

Uansett, hald forma i hevd ferien igjennom. Ikkje lenge etter kjem lokale styrkeprøver som Fetvatnet Rundt, Aktivitetskveld og Ramstaddalsløpet.