Sterkt Hellesyltløp av Alf Petter
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jul 2012
44 gutar/menn fullførte den lengste distansen på 6,6 kilometer. Av dei ti fyrste kom åtte frå Lyn Oslo. Berre Kristian Nedregård (2) og Knut Anders Hatlen (8) greidde blande seg inn på topp-10 lista.
Alf Petter utkjempa ein fin duell med den unge straumgjerdingen , Robin Jørgensen. I mål skilde det ti sekund i Alf Petter sin favør. 25.46 på Alf Petter, 25.56 på Robin.
Her er nokre utvalde resultat frå herreklassa:
21.16 Anders M. Haust, Lyn ski (ny løyperekord)
21.19 Kristian Nedregård, Tyrving
21.21 Hans Christer Holund, Lyn ski
23.01 Knut Anders Hatlen, Stranda
23.24 Helge Karbø, Sunnylven IL
24.09 Hans Kristian Stadheim, Sunnylven IL
25.46 Alf Petter Bøe, Rindalstroll
25.56 Robin Jørgensen, Sykkylven IL
26.14 Per Ingebrikt Karbø, Sunnylven IL
26.19 Sondre Overvoll Hole, Stranda IL
Ingen lokale løparar deltok i løpet over 1560 meter. Her vannVegard Røyrhus, Hovdebygda IL, guteklassa på 5.21, medan Mariell Taraldset, Hornindal IL vart beste jente med 5.28. I alt deltok 100 deltakarar (ny rekord) i Hellesyltløpet som for fyrste gong vart avvikla med startbrikke.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024