Motbakkeløp i Straumgjerde 23. juni

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jun 2012

Det vil kome fleire detaljar seinare, men løypa vert som sist med start frå Tandstad skule. Heile traséen går på fast , fint underlag og er drygt to kilometer lang.

   

Arrangementet dette året vert eit samarbeid mellom Straumgjerde i vinden og Velledalen IL. Målet må vere å få med langt fleire mosjonistar på den fine turen.


I 2011 deltok 18 løparar i konkurranseklassa. Ikkje så mange, men kvaliteten var høg. Kristian Nedregård sin løyperekord på 15.53 vert ikkje god å ta. Kjell Magnar Berli gjorde sterke 16.46 på andreplass.

   

Også mellom kvinnene hamna løyperekorden «utta» fjorden. Anne Berit Støyva (Emblem IL) var best av fem kvinner med 21.51 i 2011. Elisabeth Overvoll Hole hadde 22.21 på andreplass.

   

Starttidspunkt, startkontingent, klasseinndeling med meir vil kome på nettsida så snart dette er klart.