KONKURRANSESVAR OM KONRADLØPET

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mai 2012

Spørsmålet hadde tre svaralternativ. Ingen svara to eller færre. Fornuftig, då dette definitivt var feil. Nokre svara alternativ to som var 3 eller 4, men som diverre også var feil. Rett svar denne gongen var alternativ tre, altså at 5 eller fleire deltok. Ein av svararane har til og med heilt korrekt skrive ned namna. Og vi gir her enno meir kjøt på beinet med plasseringar og tider. Samstundes gratulerer vi Robin Urke Brunstad med den uoffisielle tittelen «sprekast i kommunestyret».


Desse deltok:


28. Robin Urke Brunstad (Sp) 20.17


36. Eldar Høidal (SV) 20.58


50. Ståle Eikrem (Ap) 23.25


53. Per-Gunnar Holmberg (KrF) 23.37


??. Jan Ove Skogvold (H) – utan tid


Stort sett «local lads», sjølv om Eldar Høidal no sorterer under postnummer 6230.


PS: Konradløpet hadde truleg for fyrste gong ein fylkestingrepresentant på tilskodarplass i 2012, då Frank Sve var tilstades. Han hadde både ein bror og son mellom deltakarane.


Vinnar etter loddtrekning: Kristin Grebstad