Mathilde Kjelsbøl Hole imponerte i Råskinnet
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mai 2012
Dette er eit stort arrangement med eit par tusen deltakarar. Eit fuktig arrangement med mykje vasping og sleip gjørme. Ja, du har sikkert sett frå løpet på TV.
-
Vi hadde ikkje sprunge meir enn 300 meter før vi måtte ut i vatnet. På det djupaste heilt opp til livet. Eg hadde eit lite uhell og då var det opp til halsen. Det var berre sju plussgrader i lufta, med andre ord ganske tøft, fortel Roger Malvin Hole, som var debutant i går.
Roger kom inn til ein heiderleg 40.plass i klasse 45-49 år på tida 1.04.17, i ei løype som er ni kilometer lang.
Men Roger må nok intensivere treninga i framtida. Laurdag fekk han stryk av yngstedottera, og den eldste var like bak. Men rett skal vere rett. Mathilde imponerte med ein susande sterk andreplass i klasse 14-15 år med tida 1.01.32, berre 49 sekund bak vinnaren. Oda Alette vart nummer 17 i klasse 16-17 år på tida 1.05.02
Yngstemann i familien, Oskar, deltok i ei kortare utgåve på tre kilometer som ber namnet Råtassen.
Vi gratulerer familien Kjelsbøl Hole med innsatsen, og etter rapportane
vi har fått sit ingen fast i gjørma. Det er trass alt det viktigaste.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024