VIL sin statistikkførar spør:
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mai 2012
Lars Inge Sæther, dyktig statistikkførar for Konradløpet, klør seg i håret om dagen. Og han undrast på om nokon kan hjelpe han.
Saka er den at Sæther kjenner personen som stod registrert som nummer 12 i utgangspunktet, men personen som er avbilda med startnummer 12på brystet er feil person. Det betyr at han ikkje kan registrer deltaking på denne personen, sjølv om han brenn etter å gjere det.
Altså; kjenner du namnet på startnummer 12, så meld frå til Lars Inge Sæther eller VIL-nett. Vi kjenner oss trygge på at saka vert oppklara. (epost: atlehole@online.no)
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024