Konradløpet: Stoda laurdag klokka 1400

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Apr 2012

Påmeldingane sig inn. Laurdag klokka 1400 stod 173 namn på lista. I tillegg kjem personane som har skrive seg på liste ved Velledalen skule, Jokerbutikken Velledalen og dei to spotsforretningane i bygda.

   

Hittil har vi fire personar over 80 år og to Konradar – éin med Konrad som førenamn, éin med Konrad som mellomnamn.

   

Av erfaring veit vi det plar kome 100-150 påmeldingar på 29. og 30. april. Medrekna Minikonrad kan det drage seg over 400 deltakarar. Sjølv om det er litt tidleg enno, kan påmeldingane hittil tyde på at det blir flest menn på startstreken dette året. Mennene var i fleirtal i fjor, men dei fleste året har Konradløpet hatt kvinnefleirtal.

   

Når det gjeld antal nasjonar står vi framleis på fire dette året. Polen, Russland og Kirgisistan utanom vårt eige. Førebels med polakkane som ein god nummer to.