Velledalen naturbarnehage satsar på Konradløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2012

Vi har ein aldri så liten vervekampanje på gang mellom dei tilsette i Velledalen Naturbarnehage når det gjeld å delta i Konradløpet. Av dei 9 personane som jobbar i faste/vikarstillinger, så er det foreløpig 6 personar som stiller, altså 67 % av totalsummen. Ikkje alle er påmeld enno, men dei kjem nok! Og eg har altså lova sigerskake på jobb på onsdag om vi klarer å bli beste bedrift i forhold til antal tilsette. Vi oppmodar sjølvsagt andre bedrifter til å stille opp!
  
  Helsing Anita Nakken


   
   Eit prisverdig tiltak, og hugs det er helse i kvar meter.