Kanonvêr under Konradløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Apr 2012

-Det er berre å melde seg på. Ein treng i alle fall ikkje vente på vêrprognosene. På 10 års dagen etter debuten i 2002 vil vi i år få best tenkjeleg forhold under løpet. Sjølv om det blir regn i dag, kan eg love at neste veke blir ei vêrmessig god veke, lovar Holmberg. Sjølv er han påmeldt, men ikkje i storform etter eiga vurdering.


- Eg trøystar meg med at farta ikkje er viktig og at det er helse i kvar meter. Dessutan finst det alltid einkvan ein kan slå fylgje med under løpet. Ein går aldri åleine, seier gartnaren og meteorologen i Reitane.