Russen stiller i Konradløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Apr 2012

Det har variert frå 0 dei svakaste åra til 30-40 på det beste. 2012 ser ut til å bli eit bra år, då fleire alt har meldt seg. I går eksempelvis jentetrioen Hannah Velle, Andrine Solberg og Oda Lødemel. Dermed slår dei tre også eit slag for kvinnerepresentasjonen. Den har alltid vore god i Konradløpet. Faktisk flest kvinner, som oftast. Men i 2011 gjekk mennene forbi og innkasserte ein grei siger der. Vi kan røpe at av dei 94 påmelde hittil er stoda 50-44 i mennene sin favør. Men det er langt fram til arrangementsdato – mennene kan sprekke, eller rettare stivne, om dei har gått ut i hardaste laget.