Fjorårsvinnaren kjem ikkje
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Apr 2012

Der arrangerte Møre og Romsdal idrettskrets «Møteplassen» i samband med Idrettskretstinget. Og der var Einar Hoel, far til fjorårsvinnar Lars Anders Hoel frå Valldal.
-
Nei det vert nok ikkje Konradløp på Lars Anders dette året. Han går folkehøgskule i Nordfjord med travelt program, og er vel heller ikkje like sprek som for eitt år sidan. Difor kan eg her og no stadfeste at han ikkje kjem til å vere mellom dei startande 1.mai dette året, seier Einar Hoel, som óg fortalde at sonen og dottera stod opp klokka 0200 i fjor for å delta i Konradløpet.
Vinnartida til Lars Anders Hoel i 2011 var på 15.13. Knut Lium sin rekord lyder på 15.07
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024