Påskekonrad med sterke tider

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Apr 2012



Deltakinga var ikkje all verda. Éin trondheimsstudent og fire personar busette på Austlandet hadde møtt då starten gjekk nøyaktig klokka 1000. Men det var spreke personar i feltet, med Sverre Gunnar Brunstad som den aller raskaste. Tida 15.58 var sterk av ein mann midt på 40-talet i alder, på ein dag der temperaturen var rundt null grader. I tillegg var det ein god austavindstrekk nedetter dalen, som gjorde at det vart motvind der det var motbakke og såleis ekstra tungt.


Her er resultata:


15.58: Sverre Gunnar Brunstad


18.12: Roger Malvin Hole


20.51: Mathilde Sofie Hole


22.21: Nam Nguyen

   

Utan tidtaking: Ann- Helen Hole

   

10 års premie: Ann-Helen Hole


6 år: Roger Malvin Hole


3 år :Mathilde Sofie Hole



Vi nemner at Sverre Gunnar Brunstad har 15.17 som bestetid i løypa, ei tid som óg er bestetid prestert av ein velledaling. Mathilde Sofie Hole senka persen sin frå 21.05 til 20.51, noko som førte henne opp frå 32. til 26.plass på lista over beste kvinnetider gjennom alle år. På den lista vil også Nam Nguyen få ei fin plassering med tida 22.21



Sjå foto frå løpet – ligg i album