Konradløpet: 943 ulike deltakarar
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Apr 2012
Det er statistikkførar Lars Inge Sæther som skriv dette i ein e-post til VIL-nett, før han stiller spørsmålet:
-Kanskje vi bør gjere litt stas på denne personen?
Det bør vi. Men det er ikkje sikkert vi når 1000 forskjellige personar til start dette året. Vi gjer merksam på at Minikonrad ikkje er medrekna i denne statistikken. Av dei drygt 60 hittil påmelde har vi seks nye (10 prosent), slik at vi i skrivande stund står på 949.
Vi treng med andre ord 51 debutantar heretter for å nå talet 1000 i 2012. Skal vi greie det må debutanttalet auke til vesentleg over ti prosent. Deltakinga i hovudløpet ser nemleg ut til å ha stabilisert seg kring 300.
Lokalt er det truleg lite å hente, men sjansen er der, ingen tvil om det. Greier vi 1000 i 2012, skal vi sjølvsagt gjere stor stas på personen. Så kjære debutant; Meld deg på – du får gratis frukost, konradfilm, diplom og ei oppleving du seint gløymer. Og kanskje kan du få uttrekkspremie og bli person nummer 1000 i Konradløpet – der farta ikkje er viktig.
Distansen er ikkje skremande. 4500 meter – med helse i kvar av dei.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024