Fyrste «Konraden» er påmeldt
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Mar 2012
Som dei fleste veit er det gratis deltaking og frukost for alle over 90 år og alle som heiter Konrad til føre-eller mellomnamn. Desse har ikkje stått i kø. Einaste deltakar over 90 år er Tomas Tandstad. Han gjekk i sitt 92 år då han sette den aldersmessige deltakarrekorden.
Det gjekk fleire år frå starten i 2002 før arrangøren fekk den fyrste «Konraden» påmeldt. Men då det fyrst losna, kom det til overmål tre same året. I alt har vi hatt fire gratis-Konradar. Dei fire er rangert etter alder, frå yngst til eldst:
Konrad Lade – Sunnylven
Konrad Brunstad – Tingvoll (i slekt med Mons-Konrad)
Konrad Lillebø – Ålesund
Jarle Konrad Fausa – Fausadalen, Stranda
Jarle Konrad Fausa er hittil den einaste påmelde Konraden i 2012. Han har passert 70 år, men veit å halde seg i god form. I fjor gjorde han tida 23.38 – særdeles kvasst i hans alder. Og i Konradløpet er det som kjent helse i kvar meter.