Ingen frå VIL i SBM-cup langrenn
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mar 2012
Og han gjorde sine saker bra, då nest siste rennet i krinscupen vart arrangert av Sykkylven IL i Hevsdalen laurdag.
I fjor vart Sondre samanlagtvinnar i klasse 14 år.
Årets sesong har vore vanskeleg, men ikkje dårleg for Sondre. Han vann sprint-KM på Nordmøre, ikkje uventa rask som han er. Men på det jamne er det Ingar Folde frå Molde som har vore den store løparen i klasse G 15 denne sesongen. For Sondre sin del var spørsmålet om han kunne berge andreplassen.
Og der tok han eit langt steg
i rett retning i Hevsdalen. Før avslutningsrennet i Valldal i dag ligg han som nummer to, utan sjanse på fyrsteplassen, men med eit solid grep kring trinn to på pallen.
Her er dei beste i G15:
1.
Ingar Folde, MOI, 15.24
2.
Sondre Brunstad Fet, SIL, 16.09
3.
Tore Grendal Gjerstad, Betna IL, 16.28
4.
Isak Stiansson Pedersen, Vågstranda IL, 16.29
5.
Hallvard Lied, Liabygda IL, 16.33
6.
Jonas Aasebø, Surnadal IL, 17.06
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024