Full fart på Konradtrening

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Mar 2012

Denne gongen var det Alf Petter Bøe som var ansvarleg trenar, og ungane fekk mellom anna tilbakemelding på korleis dei sprang.

   -
   
 Dette ser bra ut, kommenterte Alf Petter, som er aktiv i nordmørsklubben Rindals/Troll og som er spesialist på lange løp.


Utanom treninga fekk detakarane orienteringa om premieringa under minikonrad, der det er deltakarpremie til alle og skulepremie til beste skulen sitt «tremannslag», der begge kjønn må vere representerte. Velledalen skule vann denne premien i 2011 ved Simon Skylstad, Bjørnar Akselvoll Lade og Sigrid Ulset.


Dagens t-skjortevinnar vart William Hansen