Årsmøte i Sykkylven Idrettsråd

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Mar 2012

Sykkylven Idrettsråd har registrert at kommunestyret har fjerna «Retningsliner for kommunalt tilskott til private utbyggjarar» og vil med bakgrunn i kommunen sin økonomi, avvikle denne tilskottsordninga etter at løyvingar frå kommunestyrevedtak den 15.02.2010 er tildelt.

   

SIR ser med uro på at denne ordninga vart fjerna, men er likevel mest opptekne av kva tid kommunen kan betale ut det som laga har til gode.

   

Pr. 31.12.2011, stod det til rest kr 2.421.500 som kommunen har lova å finansiere.

   

I 2010 var det sett av kr. 300 000,- til dette føremålet, i 2011 og 2012 er det ikkje avsett midlar i det heile!

   

Med ein så stor sum til gode, og som laga delvis har måtte lånefinansiert, påfører dette laga over 100 000 kroner i renter årleg, pengar som kunne vore nytta til meir aktivitet.

   

Sykkylven Idrettsråd ber kommunen ved ordføraren, svare på kva tid laga som har pengar til gode på denne ordninga, kan rekne med å få sin del utbetalt.