KONRADLØPET 2012: Tomasz raskaste med påmeldinga.
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Mar 2012
Og det vart polsk på toppen av lista. «Pe-Tomasz», eller Tomasz Rzadkiewicz som er hans rette namn, var raskast av alle. Tomas er ingen kven som helst. I fjor deltok han i manndomsprøva i Geiranger, der han sprang frå fjord til fjell, 21 kilometer i stort sett bratt motbakke. Det krev sin mann. Han deltok elles i halvmaraton (flatt) i Ålesund og sjølvsagt i Konradløpet.
Statistikken der fortel at Tomasz i 2011 kom inn på tida
20.41 som heldt til 45. plass. Året før var han litt sprekare. Då vart han nummer 18 med tida 19.50, som er polsk rekord i løpet.
Frå starten i 2002 har Konradløpet samla deltakarar frå langt over ti nasjonar. Tjekkaren, Michael Uhlar, har utlendingsrekoden. Den lyder på sterke 16.34 og er frå 2010.
Alle som melder seg på innan VIL-nett sin Birkebeinerlaurdag (17.mars), er med i trekninga av Konradløpet sin nye hettegenser. Alt fyrste kvelden kom det 15 namn på lista.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024