Terje Aurdal går i Sveits i helga

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Mar 2012

Då er vi i Sveits, og vår deltakar der er Terje Aurdal. Han vart den fyrste frå vår klubb som gjekk Vasaloppet i Sverige, han var fyrstemann gjennom König Ludwig Lauf i Tyskland, han var fyrstemann som gjekk i Tsjekkia, og no altså fyrstemann i Sveits.

   

Rennet har start i Maloja og er 42 kilometer langt, som det bør vere når det kallar seg skimaraton. Årets renn er utgåve nummer 44, så det er snakk om eit renn med tradisjonar.


Vi sende Terje ei melding der vi skreiv:

   -
   

   Lykke til!


Og han svara:

   -
   
 Det kan eg trenge for det er skøyting.

   

For dei litt mindre spreke er det muleg
   å gå «Halbmarathon». Og vi merkar oss at det helga før vert arrangert «Frauenlauf». Kan det vere noko for Fjellsæterrunden….?