Går så det susar utan leiar
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Feb 2012
I morgon er det 1.mars. Det betyr at månadstala for februar vedkomande grasrotpenger og nettsidetreff vert lagt fram. Vi skal ikkje røpe desse før tida er der, men det er ingen løyndom at februartala er oppsiktsvekkande gode. Både når det gjeld nettside og grasrotkroner
Slike tal er gode å få i ei tid der laget slit med å fylle alle verv. Under årsmøtet fekk ikkje laget hovudstyret på plass. To personar mangla der. Like eins mangla det éin person i førjulsmessekomitéen, og vi manglar leiar i friidrettsgruppa.
Frå Møre og Romdal Idrettskrets har vi fått skissert kva som vidare skal skje dersom laget ikkje får eit styre på plass. Dette får du meir om i morgon om du møter:
VELLEDALEN GRENDAHUS KLOKKA 1930.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024