FJELLSÆTERRUNDEN – GÅVEPREMIAR
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Feb 2012
Renndato er 26. februar, og arrangørane har nokre års fartstid når vi nemner at det vart arrangert eit prøverenn av SIL i 1978. Det var den spede starten, men alt året etter var arrangementet delt mellom SIL, IIL, HIL og VIL. Stort sett har arrangementet vore drifta med gåvepremiar frå bedrifter og einskildpersonar, i staden for kjøpte premiar. Kvart lag har i hovudsak hatt ansvaret for premieinnsamlinga i sine primærområde. For VIL sin del vil det seie Velledalen og Straumgjerde.
Store føretak vil heilt sikkert få spørsmål om eit bidrag, men kan hende finst det skivener som kunne tenkje seg ei støtte, men som aldri blir spurde. Er du mellom desse bør du ta skeia i eiga hand. Kontakt ein av karane i langrennsgruppa og sei du har ein premie til dei. Då blir dei glade skal du sjå. Det aller meste kan nyttast, men verdien bør ikkje vere under 200-250 kroner. Ein kan óg gi pengar, slik at komitéen sjølve kjøper premiar for desse. Kontakt ein av desse om du vil gi premiestøtte til Fjellsæterrunden 2012:
Svein Arne Nakken, Ole Johnny Myrseth, Pål Rune Fet, Magne Nilsen, Bård Erstad og Asbjørn Tandstad
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024