Idrettsgalla: «Årets innflyttar»

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jan 2012

Det gjer ikkje Alf Petter Bøe. Rett nok var han rundare og maklegare for nokre år sidan. Heilt til han bestemte seg for å ta skeia i ei anna hand. Han la seg i trening, mange kilo gjekk fløyten, og brått var han ein mann og rekne med i klasse 40-44 år. Noko konkurrentane fekk merke i 2011-sesongen. Diverre sleit Alf Petter med skadar siste del av sesongen, noko som gjorde at konkurranseaktiviteten måtte trappast ned.



Han vann klasse 40-44 år under Ålesund Halvmaraton på 1.18.57. Seinare vann han same klasse under Kaptein Dreiers Minneløp på Sunndalsøra, med 1.13.45 på 19,6 kilometer. Han gjorde det godt i Selbuløpet i Trøndelag, og sprang tre etappar på Rindals-Troll sitt andrelag under St. Olavs-loppet. Eit lag som vart nummer fem, i ein stafett der laget sitt fyrstelag vann eliteklassa. Og til sist nemner vi Konradløpet, der Alf Petter gjorde eit knalløp med tida 15.39 – ny personleg rekord. Løypa ligg der, alle som vil kan teste tida.



«Årets Innflyttar 2011» vart altså nordmøringen Alf Petter Bøe. Ein populær tittel til ein særs triveleg kar.


VIL-nett gratulerer!