Idrettsgalla: «Årets maur»
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jan 2012
Svein Arne Nakken har i 2011 spela ei viktig rolle i VIL – både sportsleg og administrativt. Han har flittig delteke i lokale cuprenn i regi av Stranda IL og Sykkylven IL. Han sette ny VIL-rekord i Vasaloppet (5.02 og nokre små sekund), greidde merkekravet i Birkebeinerrennet, var med i VIL-trioen som tok tremannspremien i Fjellsæterrunden for å nemne litt.
I tillegg har han hatt leiarvervet i langrennsgruppa, og såleis vore sterkt involvert i arrangement som Fjellsæterrunden og Det Store Folkerennet. Men kanskje aller viktigaste jobben i 2011 gjorde han med omsyn til Ramstaddalsløpet. Vi kan seie det så sterkt at det hadde ikkje blitt løp, hadde det ikkje vore for Svein. Han organiserte og styra, og fekk på plass eit slagkraftig lag med Tomas Tandstad og Harald Hjorthol som dei
mest uventa deltakarane. Og faktisk vart det ny rekord med ein 99-åring og ein 100-åring på laget, sjølv om det var det minst viktige.
Under idrettsgallaen fekk Svein sin fortente pris. Der var elles Ramstaddalsløpet
samla i ein eigen film til tonar av Heimbygda i Renate Lade sin versjon (sett saman av Liv Nordli Hole). Vakkert, tankevekkande og viktig dokumentasjon av ei
historisk hending i VIL-regi.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024