Nyttårstrøya kan bli di
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Des 2011
Kvifor, undrar du kanskje. Og svaret er fylgjande: fordi koret i 2012 går inn i eit jubileumsår, og fordi dei gjennom snart 30 år har vore ein herleg bidragsytar til det lokale kulturlivet. Også regionalt har koret markert seg. Difor er det ikkje meir enn rett og rimeleg at VIL let årets siste «trøye» dreie seg om gullstrupane med det framifrå flotte namnet. Truleg smerta det både djupt og inderleg i sjela til enkelte lokalpolitikarar at dei ikkje greidde døype koret om til «Sykkylvskoret» før deira tilmålte tid i lokalpolitikken var ute.
Sjå foto! Spørsmålet er: Kor mange av personane på biletet er songarar i Velledalskoret ved årsskiftet 2011/2012…er det:
1)
3 eller færre
2)
4 eller 5
3)
6 eller fleire
Svar innan 1. januar 2012 klokka 23.59.59 til:
E-post:
atlehole@online.no
Tekstmelding: 917 43 761
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024