Skade og flaks på Dalemyra

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Des 2011

Dalemyra stadion ligg vintergrøn. Grasbana og grunnen er det Velledalen IL som eig. Dei to kioskane er VRF sin eigedom. Dei står óg, takke vere aldri så lite flaks. Fleire store tre har rotvelt tett inntil dei to kioskane. Heldivis gjekk også plenklippargarasja klar av trea.


Reklameskilta derimot, har fått stygg medfart – slik dei gjer nesten kvar vinter. Om det er VRF eller FK Sykkylven som sit att med pengane frå desse veit vi faktisk ikkje, men uansett bør desse takast ned før vinteren. All erfaring siste åra har vist det.