Tre generasjonar
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Des 2011
Før kvar jul har Velledalen IL gjort det til tradisjon å gjere stas på medlemane sine. Alle æresmedlemar, gruppeleiarar, idrettsskuleleiar – og andre som har gjort seg fortente – får blomar. Sjølvsagt frå dalen sitt eige gartneri, der juleblomane alltid held høg kvalitet.
På denne runden steig ein ung herremann ut på trappa i Straumegjerde då vi skulle levere blome til idrettsskuleleiaren i laget vårt, Julie Brochmann. «Som mor så dotter», er det noko som heiter, og det utsegnet stemmer i dette tilfellet. Tidlegare har nemleg mor til Julie, Gunn-Tove, vore leiar i idrettsskulen.
Den unge «mannen» som tok mot blomen heiter Jakob Brochmann, og er son av Julie. Og sjølvsagt går han i idrettsskulen. Dermed er han tredje generasjon Brochmann i Velledalen idrettsskule i løpet av 20 år. Framtida vil vise om han går i spora til mora og bestemora. I så fall
eit komande leiaremne i Velledalen idrettsskule.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024