SAMANLAGTPOENG TRIMPOSTAR – 6.plass
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Des 2011
132 turar til Myrdalsfjellet gav 1320 poeng i lomma til Elling Hole. I tillegg plussa han på med 124 turar til sætreelva i Holemarka. På sistnemnde post er det dårleg betalt, med to poeng pr tur, eller 248 omgjort til totalpoeng. Dermed stoppa Elling på gilde 1568 poeng, noko som heldt til sjetteplass i samandraget.
Vi skal ikkje røpe meir enn vi må, men kan stadfeste at Elling Hole er åleine om å ha passert 70 år på topp-10 lista. Gratulerer med flott 6.plass, Elling!
6. Elling Hole 1568 poeng
7. Arnhild Linga 1493
8. Reidar Fure 1365
9. Ivar Arne Flo 1344
10 Grethe Fet 1240
Som vi ser er det fin spreiing mellom kvinner og menn hittil.
Feil i resultata vert å melde til Nils Terje Skylstad, tlf. 70 25 06 44
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024