Roleg messenatt
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Nov 2011
For dei som ikkje veit det. Under Førjulsmessa sit det vakt i grendahuset mellom slaga. Når dag 1 er slutt, er to personar på vakt fram til klokka 23.00. Då vert vaktstyrken oppgradert til fire, fram til neste morgon. I natt var det Magne Nilsen, Kjell Nilsen, Leiv Alnes og Sindre Skogvold som vakta utstillarane sine produkt.
-
Ei roleg natt, kunne Kjell og Sindre melde då dei fekk ”inspeksjon” sundag morgon.
I dag kjem fire nye utstillarar som ikkje deltok i går. Mellom dei Liv Randi Bjørlykke og Ingvart Nilsen, i tillegg til Hildegunn Svindseth og Anne-Marte Håskjold.
Fyrste dag av messa hadde godt besøk. Ein god indikator er levetida til tombolaen. I går var det tomt klokka 15.15. Peparkake på pinne vart òg utseld, men det var like før stengetid. Ny forsyning av begge deler er på plass i dag. Elles vart det gjort mangt eit godkjøp oppe, medan maten gjekk unna i kjellaren. Den sosiale praten kring ein kaffikopp og eit kakestykke gjorde at kjøkkenpersonalet i periodar hadde ein travel dag.
Alt i alt har arrangørane, Velledalen IL og VRF, over 100 personar i sving med små og store gjeremål.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024