Kurt Johnny jubilerer – sterkt kull
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Okt 2011
Når vi skriv særs god er dette målt opp mot andre velledalskull. Ikkje berre var det fleire som gjorde det godt, dei var mange i antal som deltok. Kurt sjølv var i unge år ein dyktig langrennsløpar. Det same var Jostein Berge og Pål Rune Fet. Sistenemnde krinsmeister både individuelt og i stafett. Sigbjørn Ånes var ein lokal einar i alpint, både på krins-og fylkesnivå. Morten Holmberg var allsidig i mange idrettar, og mest alle gutane i kullet spela fotball i yngre år. Pål Rune var åleine om å nå A-lags nivå.
Det litt spesielle med gutekullet frå 1961, er at dei som var minst aktive i ungdomen, er dei sprekaste som 50-åringar. Då tenkjer vi på Oddbjørn Brunstad og Kåre Petter Grimstad. Vi tør spå at ingen av klassekameratane hadde fylgd Oddbjørn til målstreken under Konradløpet 2011, og Kåre Petter har blitt ivrig fjellfant og tuskar òg med litt klatring.
Jentene har vi ikkje same kjennskap til, men Eli Hole var sprek både som langrennsløpar og i friidrett i glansdagane. Oddny Brunstad markerte seg som hesteskokastar, og var i fleire sesongar best i landet i parkasting i spann med Inger Marie Lie. Laila Ødegård hadde òg fleire gode sesongar i same idrett. Mellom anna på pallplass i velrenomerte Øye-cupen.
Fotball var ikkje eit alternativ for jenter fødde i 1961. Den kom fyrst seinare. Men det var mogleg å hive seg på i vaksen alder. Så vidt vi veit var Laila Ødegård åleine om å gjere det av dette kullet. Ho hadde nokre sesongar som kraftfull spelar på VRF sitt damelag i lokal kvinnefotball si brytningstid.
I dag gratulerer vi Kurt med 50 års dagen – 50 år, og moden for eit ørlite comeback!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024