Birkebeinerrennet – påmeldinga i gang
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Okt 2011
Frå VIL veit vi at Svein Arne Nakken skal i aksjon. Tidleg påmelde er òg Berth David Wilhelmsen og Fridtjof Fredriksen, som begge representerer SIL.
Kjell Magnar Berli, som har hatt suksess som løpar i 2011, satsar på langrenn i grunntreningsperioden til ein ny sesong. Kanskje vert Kjell Magnar mellom deltakarane i Birkebeinerrennet òg. Elles reknar vi med Rolf Haxthow, som er VIL sin mest allsidige, med deltaking både i rennet, løpet og på sykkel. Og Ole Johnny Myrseth og Kenneth Fet som begge har teke merkekravet to år på rad.
Ein skal heller ikkje sjå vekk frå at Bastian Skogvold og Fredrik Ø. Nilsen går rennet, med nye personlege rekordar som mål – i tillegg til duellen med kvarandre. Begge har styrka startposisjonen frå sist, slik at nye persar er høgst realistisk
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024