Trimpostresultat – Myrdalsfjellet

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Okt 2011

I dag startar offentleggjeringa av trimpostresultat for siste året. Kos dykk!



Vi startar med Myrdalsfjellet. Trimgruppa melder at antal noteringar på posten er 481. Eit høgt tal vi fyrst og fremst kan takke to holemenn for; nemleg Elling og Frank. Dei to kjempa lenge ein drabeleg kamp om taburetten på denne posten. Topp-5 lista inneheld desse namna:

Elling Hole 132 turar
   

 Frank Hole 81 turar
   

 Eldrid Myhre 22 turar
   

 Nils Terje Skylstad 16 turar
   

 Ingrid Brudevoll 14 turar
   


132 turar er ikkje overraskande ny bestenotering for Myrdalsfjellet. Elling Hole var tittelforsvarar og innfridde. Vi gratulerer!