Lysløypetrasèen ferdig rydda
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Okt 2011
Lys vert det ikkje den komande vinter, men om eit års tid vert det andre bollar om alt går etter planen.
Tre laurdagar har dugnadsfolk vore i aksjon i Ladalen. Svein Arne Nakken i langrennsgruppa melder til VIL-nett at jobben no er unnagjort når det gjeld skogrydding. I alt har 27 personar delteke i arbeidet. Veden er kappa i strongar i høveleg lengde. Meininga er å selje denne.
Nakken trur det vert køyrt spor i trasèen i løpet av vinteren, slik at folk som ynskjer får testa den ut. Målet er at anlegge står ferdig til snøen fell seinhausten 2012. Sykkylven Skisenter skal stå som utbyggjar.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024