TRUFASTE BIDRAGSYTARAR
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Sep 2011
Ein ny periode på fire månader er over. Det betyr grasrotpengar frå Norsk
Tipping. Og Velledalen IL seier nok ein gong TUSEN TAKK til sine trufaste
støttespelarar.
No vart august ein dårleg månad. Faktisk den dårlegaste vi nokon gong har
hatt med 1510 grasrotkroner. August plar ikkje vere god, truleg på grunn av
at det er fyrste månad etter fellesferien, og at somme truleg går på
sparebluss.
Men perioden på fire månader (1.mai- 31. august) som vi no får utbetaling
for, den vart bra. Kasserar Asgeir Rausand vil få kr 7656 inn på konto
melder Norsk Tipping. Tilsvarande periode i 2010 gav 7055 kroner. Talet på
grasrotspelarar i VIL har siste tida vore stabilt på 75. På same tid i 2010
var talet 67.
Velledalen IL 7656 (75)
VRF 5103 (42)
Straumshorn Juniorkorps 2391 (38)
Velledalen skulekorps 523 (18)
Velledalskoret 310 (10)
Som ein ser av tala er det VRF sine grasrotspelarar som i snitt bidreg mest
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024