Førjulsmesse – Påmelding
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Aug 2011
Førjulsmessa starta opp som ei messe for kunst og handverk. Etterkvart har den vorte utvida. I dag er tyngda av utstillarane innan bransjen: kunst, handverk og mat. Men der finst òg produkt inna andre nisjer, og ikkje alt av det som vert bydd fram er eigenprodusert.
Tilskipinga er eit fellesarrangement mellom VRF og VIL. Messestyret er så vidt i gang med planlegginga, og kan melde fylgjande om det som vedkjem påmelding.
Påmeldingsfrist 30. september. I starten av oktober vert utstillarane som får plass plukka ut.
Utstillarar som stiller begge dagar vert prioritert
Pris på normal standstorleik vert kr. 400,- pr dag – også i kjellarsal. Det er muleg å få både større og mindre stand.
Utstillarar med matprodukt vert plassert i kjellar så lang plassen tillet
Arrangøren skal ikkje ha provisjon av sal, og utstillarane får som før gratis kaffi, svele, kake og rundstykke
Påmelding til: E-post: atlehole@online.no- tlf 70 25 07 49 – 917 43 761
Nye utstillarar vert prioriterte – tips gjerne personar du kjenner om messa i Velledalen
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024