Kvileår på Nordmøre
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Aug 2011
Hilde Riksheim Tandstad vann Fetvatnet Rundt, men elles har det vore stille kring friidrettsjenta vår denne sesongen.
Det har sine naturlege grunnar. I vår avslutta ho skulegangen ved Sykkylven vidaregåande skule. I tillegg til eksamenspress, hadde pliktoppfyllande Hilde tid både til russerevy og russeavis.
Dette hardkøyret var ei medverkande årsak til at det vart nedtrapping i friidretten. I tillegg har Simo-Hilde hatt sin del av skadar, så ei pause var kanskje det beste.
Medan Hilde vurderer kva retning ho skal slå inn på i framtida, har ho skaffa seg jobb på Nordmøre – i sportsforretning. Hilde gjekk fyrste året i vidaregåande på Tingvoll (med Magne Wullum som trenar), og har sine kontakter i denne landsdelen. Meir er ikkje å seie om den saka.
Så langt har Hilde teke fire KM-titlar for Velledalen IL i friidrett. Med det er ho èin tittel bak Ann Kristin Fet som har flest gjennom alle tider med fem (alpint). I 2009 vann Hilde 800 meter innandør og 7-kamp. I 2010 vart det nye titlar på distansane 400 og 800 meter utandørs.
Hilde sine personlege frå 2010-sesongen, med plassering på fylkesnivå i parantes
400 meter: 63.60 (6. plass)
600 meter: 1.48.30 (4. plass)
800 meter: 2.25.36 (2.plass)
1500 meter: 5.07.53 (2.plass)
3000 meter: 11.15.30 (3.plass).
I tillegg har ho damerekorden i Konradløpet med 18.46, ei tid ho for øvrig har notert to gonger.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024