4.plass kling bra, Henrik !
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Aug 2011
I dag gratulerer vi Henrik Johan Fjærestad Holmberg med framifrå fjerdeplass under senior-NM. Øvinga var 110 meter hekk.
Vi veit ikkje heilt kvar hekkegenane kjem frå – muligens utvikla Morten desse i unge år under tjuvfiske på Olaberget. Det var så rart med det; ein måtte skreve over både det eine og det andre – ofte etter mørket sitt frambrot.
Uansett – 110 meter hekk er ei teknisk krevjande øving. Det skal lite galskap til før det går i ball over hekkane. Det har vi sett på fjernsyn, sjølv frå meritterte stjerner.
Her kjem NM-resultata til dei fire beste under senior-NM
Vladimir Vukicevic, Ski IL, 14,23
Eivind Johan Stavang, Florø T og IF, 14,42
Hans Olav Stephansen Uldal, Sandnes IL, 15,13
Henrik J F Holmberg, Vik IL, 15,73
Vidare nemner vi at Henrik sprang 200 meter i forsøket på 22,97. Ikkje fort nok til finale, men 16. beste tid totalt.
Han har òg hoppa lengde. Opna med 6,28 meter. Auka så til 6,31 og avslutta med dødt hopp. Dermed 12.plass og berre tre hopp i konkurransen.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024