Råsprek familie
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Aug 2011

Arkivbilete
Rett skal vere rett. Ingen av dei fem familiemedlemane sprang full maratondistanse (42195 meter). Men Roger Malvin sprang halv, fekk sluttida 1.40.05, og vart med det nummer 51 av 157 som kom i mål på denne distansen. Ser vi klassevis på det, vart Roger nummer sju i klasse 45-49 år
Kongsvinger Skogsmaraton er eitt av to slike i Norge. Skogsmaraton betyr litt forenkla at deltakarane ikkje kan rekne med å kome turrskodde gjenom løypa. Utanom heil- og halvmaraton har arrangøren minimaratontilbod (4,2 kilometer). Her deltok dei øvrige i familien Kjellesbøl Hole med fylgjande fine plasseringar – av totalt 70 på tid i dette løpet.
27. Mathilde Sofie K. Hole 21.47 (fjerde beste hokjønn)
32. Oda Alette K. Hole 22.43
37. Oskar Johan K. Hole 24.17
52. Aud Jorid K. Hole 28.11
Flott jobba av heile familien, som representerer Gjelleråsen IF!
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024