Harde dagar i Kristiansand
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Aug 2011
Henrik Johan Fjærestad Holmberg som representerer Vik IL i Sogn, har travle dagar under junior-NM i Kristiansand. Når siste lengdeomgang starta hadde Henrik bronsemedaljen inne, men vart i siste hopp passert av Lars Tangnes Frantzen. Sjølvsagt litt surt, men slik er idrettslivet.
Inn i mellom lengdehoppa kvalifiserte Henrik seg for finalen på 200 meter, med ei kvalifiseringstid i underkant av 23 sekund. I dag går finalen, og går alt etter planen skal vel Henrik òg prøve seg på 110 meter hekk- ei øving som krev sin mann til fulle.
Lengderesultat:
Jonas Mögenberg 7.09
Jonathan Varela Byrkjenes 6.82
Lars Tangnes Frantzen 6.65
Henrik Johan Fjærestad Holmberg 6.55
Frederik Jahr 6.27
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024