Trimbok nummer tre

    Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Aug 2011

    Frå trimgruppa vert det meldt at posten ”Brune” i Straumgjerde har eit høgt forbruk av trimbøker



    To bøker er nemleg fullskrivne, den tredje er plassert ut i kassa. Dette er ikkje vanleg kost, men trimlysta er uvanleg høg i dette området. Trimgruppeleiar, Nils Terje, melder om over 600 turar hittil på den ivrigaste. Tre personar står bokførde med over 400 turar.



    Her er det berre eitt ord som er dekkande:


    -Gnallhardt!!